Kontakt

  • Namn: Torvald Baade Bringsvor
  • E-post: torvald@bringsvor.com
  • Telefon: +47 45482848
  • Adresse: Trondheimsveien 9b, 0560 Oslo

Profil

Utdanna telematikkingeniør frå Høgskolen i Ålesund, med nærare 30 års erfaring som utviklar, arkitekt, Scrum Master, konsulent og no team lead. Tyngdepunktet er backend og integrasjon i Java/Kotlin og Python, frå industrielle feltbussar til samfunnskritiske dataflytar i kraftbransjen. Lang erfaring frå konsulentrolla, med oppdrag for mellom anna Statnett, Mastercard og Statens vegvesen.

Brukar KI aktivt i utviklingsarbeidet. Er AI-champion i teamet på Statnett-oppdraget, der vi brukar GitHub Copilot, og har mellom anna utvikla eit bibliotek av skills (gjenbrukbare instruksar for KI-agenten) som effektiviserer utviklinga av mikrotenester med Kafka-kommunikasjon som vert deploya på OpenShift/Kubernetes. Sertifisert Azure Developer Associate og Azure DevOps Engineer Expert. Smidig arbeidsform, CI/CD og testdriven utvikling er ein naturleg del av arbeidet.

Har dei siste åra hatt særleg fokus på forretningsprosessar og korleis dei kan automatiserast, spesielt innan økonomisystem og ERP. Kombinerer teknisk djupn med forretnings- og leiingsforståing, og har fagskoleutdanning i leiing og økonomistyring.

Vert omtalt av kollegaer som samarbeidsvillig og ein ressurs for teamet både sosialt og fagleg. Deler gjerne kunnskap, og lærer gjerne av andre.

Utdanning

  • 08.2025 – 06.2026 NKI: Ledelse og økonomistyring. Fagskoleutdanning (høgare yrkesfagleg utdanning), 30 studiepoeng, NKR nivå 5.1. Emne: organisasjon og leiing, økonomi, kommunikasjon, personaladministrasjon, mangfald og inkludering, kvalitet og internkontroll.
  • 08.1994 – 06.1997 Høgskolen i Ålesund: Telematikkingeniør. Analog og digital elektronikk, telesystem, datakommunikasjon og programutvikling. Hovudoppgåve om IP versjon 6.
  • 08.1990 – 06.1993 Haram vidaregåande skule: EDB/Allmenne fag

Sertifiseringar

  • 10.2025 Data Streaming Engineer
  • 02.2025 SnowPro Core Certification (Snowflake)
  • 01.2025 AZ-204: Microsoft Azure Developer Associate (fornya)
  • 01.2025 AZ-400: Microsoft Azure DevOps Engineer Expert
  • 12.2023 Odoo 16 Functional Certification
  • 06.2022 AZ-204: Microsoft Azure Developer Associate
  • 09.2014 PRINCE2 Foundation
  • 08.2013 OpenERP Functional Certification
  • 07.2008 Sun Certified Java Programmer
  • 02.2008 Certified Scrum Master

Kurs

  • 10.2025 AI Agents & Workflows – The Practical Guide, Maximilian Schwarzmüller (Udemy)
  • 03.2025 Python Data Analysis: NumPy & Pandas Masterclass
  • 02.2025 The NIS2 Directive
  • 01.2025 Complete ASP.NET Core and Entity Framework Development
  • 01.2025 Kotlin for Java Developers
  • 07.2024 Build a microservices app with .NET and NextJS from scratch (Udemy)
  • 10.2023 React Native: Mobile App Development (Udemy)
  • 09.2023 Certified Kubernetes Application Developer Exam Preparation (Udemy)
  • 04.2023 React Web Development, become a React developer (Udemy)
  • 09.2014 PRINCE2 Foundation
  • 02.2014 OpenERP Technical Training
  • 08.2013 OpenERP Functional Training
  • 03.2008 Spring Core Training (SpringSource, Amsterdam)
  • 03.2008 Lean Software Development, Mary & Tom Poppendieck
  • 02.2008 Certified Scrum Master with Jeff Sutherland
  • 11.2005 FAST Enterprise Search Platform, FAST University
  • 01.2005 Oracle Application Server 10g Administration, Oracle Norway
  • 02.2004 Oracle Application Server 9i Administration, Oracle Norway
  • 08.2002 BEA WebLogic 6.1 Administration, BEA Norge
  • 02.2002 Siemens DirX Directory Server Administration, BoV München

Teknologiar

  • Java: sidan versjon 1.0. Kotlin sidan 2025.
  • Spring / Spring Boot: over 15 år. Hibernate, Maven, Tomcat.
  • Python: over 20 år. Odoo, Django, Flask, Web2py, Jython.
  • Meldingar og integrasjon: Kafka og Kafka Streams, RabbitMQ, ActiveMQ, OpenMQ, JMS, Apache Camel
  • API og tryggleik: REST, SOAP, OAuth2, SAML 2.0, ID-porten
  • Databasar: PostgreSQL, Oracle
  • Plattform og drift: Kubernetes/OpenShift, Docker, Azure, Terraform, Linux (sysadmin)
  • CI/CD: GitLab CI, Jenkins, Bamboo, SonarQube
  • JavaScript: Node.js, React. Salesforce Apex.
  • Metodikk: Scrum, Lean, Kanban
  • Verktøy: IntelliJ, VS Code, Jira, Confluence, Git

Stillingar

  • Senior utviklar, Sopra Steria AS (08.2025 – d.d.). Team lead på oppdrag hos Statnett.
  • Senior utviklar, Sannsyn AS / Antire AS (01.2025 – 06.2025)
  • ERP Developer, Flyt Consulting AS (12.2023 – 12.2024)
  • Systems Consultant, Bringsvor Consulting AS (09.2012 – 11.2023)
  • Systems Developer, Iterate AS (12.2007 – 08.2012)
  • Developer, Scanmine AS (09.2007 – 11.2007)
  • Senior Technical Support Engineer, FAST Search and Transfer ASA (10.2005 – 09.2007)
  • IT Architect, Ergo Group (12.2001 – 10.2005)
  • Developer, SocketIP AS (12.2000 – 12.2001)
  • Senior Developer, embedded, Fieldbus International AS (02.1998 – 12.2000)
  • Developer, telecom, Ericsson AS (08.1997 – 02.1998)

Prosjekt

Statnett SF (10.2025 – d.d.)
Team lead for Team Integro, som utviklar og forvaltar integrasjonsløysingar for samfunnskritiske dataflytar i kraftbransjen, mellom anna marknadsinformasjon. Ansvar for teknisk retning, prioritering og gjennomføring, coaching av utviklarar, CI/CD, observability og stabil drift i Kubernetes/OpenShift. Bidreg òg operativt i utviklinga. AI-champion i teamet: driv bruken av GitHub Copilot og har utvikla eit bibliotek av skills som effektiviserer utvikling og deploy av mikrotenestene.
Rolle: Team lead, AI-champion. Teknologi: Kotlin, Java, Kafka Streams, Spring Boot, OpenShift, GitHub Copilot

Sopra Steria AS (08.2025 – 09.2025)
Automatisering og betring av masterdatakvalitet i Flowcase (CV-databasen). Proof of concept og MVP som brukar KI til å vurdere kompetansar i konsulent-CV-ar mot godkjende verdiar og rette dei via API. Hovudansvar for infrastruktur og CI/CD: Infrastructure as Code med Terraform, Azure Container Apps Jobs, Key Vault, Log Analytics og Blob Storage.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Python, Azure, Terraform, GitLab CI/CD, OpenAI API

Astero (09.2024 – 12.2024)
Integrasjon mellom HR-systemet Simployer og Odoo ERP. Automatisk synkronisering av medarbeidardata frå Simployer, overføring av lønsdata frå Odoo, og feilhandtering med varsling ved avvik.
Rolle: Integrasjonsutviklar. Teknologi: Python, Odoo, REST, OAuth2, PostgreSQL

Lillelam (02.2024 – 06.2024)
Integrasjon mellom Odoo ERP og lagersystemet Ongoing WMS hos tredjeparts logistikkpartnar. Overføring av ordrestatus, varemottak og lagerbehaldning, og automatisk synkronisering av sals- og innkjøpsordrar.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Python, Odoo, SOAP, XML/XSLT, OAuth2

Flyt Consulting (12.2023 – 12.2024)
Integrasjon mellom Odoo og rekneskapssystemet Fiken, slik at norske verksemder kan bruke Odoo med lovpålagd rapportering. Automatisk bokføring av salsfakturaer med korrekt MVA, og toveis synkronisering av kunde- og leverandørdata.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Python, Odoo, REST, PostgreSQL

Flyt Consulting (08.2023 – 01.2024)
Integrasjon mellom Odoo og Altinn for automatisk innsending av MVA-melding. Pålogging via ID-porten med SAML 2.0 og OAuth2, validering før innsending og tidsstyrte jobbar.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Python, Odoo, SAML 2.0, OAuth2, PostgreSQL

Mastercard Payment Services Norway AS (01.2023 – 06.2023)
Utvikling av neste generasjon eFaktura (Global Billpay) for den internasjonale marknaden. API-design og implementering av massivt skalerbare mikrotenester, med stort fokus på stabilitet og tryggleik.
Rolle: Utviklar, design. Teknologi: Java, Spring Boot, Cloud Foundry, Kafka

Pasientreiser HF (05.2022 – 12.2022)
Utvikling av mikrotenester for oppgjerssystem i helsesektoren, og modernisering av sikker filoverføring til Helfo. Scrum Master for teamet i starten av prosjektet.
Rolle: Utviklar, Scrum Master. Teknologi: Java, Spring Boot, Apache Camel, Docker Swarm, RabbitMQ

Glamox AS (01.2021 – 04.2022)
Design, utvikling og drift av integrasjonar mot nytt salssystem (Salesforce). Overføring av produkt, prisar og kundar, prosessflyt i Salesforce, tilpassingar for marknader på alle kontinent og ordreflyt mot ERP-systemet Infor LN.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Salesforce, Apex, Node.js, JavaScript

Statens vegvesen (09.2019 – 12.2020)
Integrasjon mot nytt prosjektøkonomisystem (PØS) for overføring av prosjektinformasjon, fakturahandsaming og budsjettoppfølging i vegprosjekt.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Apache Camel, Java, OpenShift

Statnett SF (05.2018 – 08.2019)
Utrulling og forvaltning av spesialapplikasjonar for energibransjen. Kontinuerleg utrulling med GitLab og SonarQube, og migrering av historiske feildata til bransjeløysinga FASIT.
Rolle: Utviklar, DevOps. Teknologi: GitLab, Python, Oracle, XML

Color Line AS (08.2017 – 03.2018)
Tilpassing av integrasjonen mellom bookingsystemet og ERP ved overgangen frå MultiPlus til Dynamics 365. Deltok òg i analysearbeidet.
Rolle: Utviklar. Teknologi: Java, Spring, Hibernate, Apache Camel, RabbitMQ

Lambda Networks AS (12.2016 – 08.2017)
Implementering av ERP-system med elektronisk fakturering (EHF), rekneskap og MVA-rapportering.
Rolle: ERP-konsulent. Teknologi: Odoo, Python, PostgreSQL

Elsykkel.no (12.2016 – 06.2017)
Eigen nettbutikk med integrasjonar mot kortbetaling (DIBS) og fakturakjøp (Resurs Bank).
Rolle: ERP-konsulent. Teknologi: Odoo, Python, PostgreSQL, REST

Ventilasjonsfilter.no (03.2016 – 09.2016)
Backend-system for nettbutikk. Integrasjon mellom Odoo og VirtueMart, abonnementsfakturering, plukklister, kundehenvendingar og kortbetaling (ePay).
Rolle: ERP-konsulent. Teknologi: Odoo, Python, PostgreSQL, MySQL

Elmatica AS (09.2014 – 03.2016)
Design og implementering av handelssystem for mekling av elektronikkproduksjon. Tilpassingar innan rekneskap, valuta og fakturering, og rapportering til norske, svenske og tyske styresmakter.
Rolle: ERP-konsulent. Teknologi: Odoo, Python, PostgreSQL

Color Line AS (12.2007 – 09.2013)
Stort integrasjonsprosjekt med over 100 utviklarar, mellom eigenutvikla backoffice-system og ERP. Kredittkortoppgjer, fakturering, inntektsføring og bankavstemming. Tidvis Scrum Master for eit team på 6–7 utviklarar.
Rolle: Utviklar, Scrum Master. Teknologi: Java, GlassFish, J2EE, OpenMQ, Spring, Hibernate, Python

FAST Search and Transfer ASA (10.2005 – 09.2007)
Tredjelinjestøtte for enterprise-kundar ved implementering og drift av store søkeløysingar.
Rolle: Senior Technical Support Engineer. Teknologi: Java, Python, FAST ESP

Buypass AS (06.2003 – 07.2004)
Design og oppsett av produksjonsmiljø for utdeling av sertifikat til smartkort.
Rolle: IT-arkitekt. Teknologi: Linux, Apache, OpenSSL

Skatteetaten (02.2002 – 10.2005)
Oppsett og produksjonssetjing av løysingar for elektronisk innlevering av sjølvmelding, MVA-oppgåver og skattekort. Design av produksjonsmiljø med høg tilgjengelegheit, og stresstesting.
Rolle: IT-arkitekt, backend-utviklar. Teknologi: Linux, WebLogic, Oracle, Python

Danfoss AS (02.1998 – 12.2001)
Programmering av kommunikasjonsnettverk for industrielle feltbussar. Implementering av industristandard protokollar (PROFIBUS, HART).
Rolle: Utviklar. Teknologi: Embedded, C/C++, Java, Python

Språk

  • Norsk: morsmål
  • Engelsk: svært god munnleg og skriftleg
  • Tysk: grunnleggjande munnleg og skriftleg