BC CMS er eit enkelt, norsk publiseringsverktøy for lag, foreiningar og småbedrifter. Éi tenesta driv fleire nettstader samtidig, kvar med eige utsjåand, eige domene og eigne redaktørar. Alt innhald blir skrive i Markdown.
BC CMS er utvikla og drifta av Bringsvor Consulting AS,, for dei som berre vil ha ei nettside som fungerer med ein heilskapleg utsjånad.
Dette får du
- Sider og artiklar med bilete, tabellar og enkel formatering. Artiklar blir viste som «Nytt» med automatisk ingress.
- Arrangement med dato, stad og skildring.
- Biletalbum, lydopptak, dokument og video med miniatyrbilete og lysbilde-visning.
- Kontaktskjema som sender meldingane rett til e-posten din.
- Nettbutikk (valfritt) med betaling via kort og Klarna, og automatisk levering av PDF-filer med personleg vassmerke.
- Eige utsjåand for kvar nettstad, i fleire tema som fungerer godt på mobil.
- Søkjemotorvenleg: kanonisk adresse, strukturerte data for Google, sitemap, robots.txt og favicon blir laga automatisk.
- Enkel statistikk utan cookiar (kaker?) og utan samtykkebanner. IP-adresser blir aldri lagra i klartekst.
For redaktørar
Redaktørane loggar inn med Google-kontoen sin, utan eige passord. Kvar redaktør får tilgang til berre dei nettstadene dei skal passe. I administrasjonen ser ein kven som sist endra kva, og kva som er kladd og publisert.
Flytting frå eksisterande nettstad
Vi hjelper til med å flytte innhald frå ei eldre nettside, inkludert bilete, artiklar og vegvising frå gamle adresser, slik at lenkjer og Google-treff ikkje går tapt.
Eksempel på nettstader
Interessert?
Ta kontakt på bringsvor@bringsvor.com eller via kontaktskjemaet for ein uforpliktande prat.