Kulturminna i bygda, på kartet i lomma

Kulturspor viser historiske stader på eit kart som folk opnar på mobilen når dei går tur. Tenesta er laga for Sandsøya og Voksa, og no kan laget eller foreininga dykkar få ein eigen versjon.

Ta kontakt om Kulturspor Sjå Kulturspor for Sandsøya og Voksa

Kva de får

  • Eit kart over kulturminna dykkar, med tekst og bilete om kvar stad.
  • Ei app utan appbutikk. Kulturspor kan leggjast på heimeskjermen rett frå nettlesaren.
  • Nynorsk og engelsk, så både bygdefolk og tilreisande kan bruke han.
  • Det de alt har samla, som stadnamn, segner og gamle bilete, kjem til nytte ute i terrenget.

Slik kjem de i gang

  1. Vi tek ein prat om kva kulturminne og kva tekstar de har.
  2. Vi set opp Kulturspor for området dykkar og legg inn det første innhaldet saman med dykk.
  3. De legg ut lenkja på nettsida, i medlemsbladet og på skilt ute ved stadene.

Vil laget dykkar vere med?

Skriv nokre ord om laget og området, så tek vi kontakt.

Ta kontakt om Kulturspor