Send rekning på nynorsk

sendrekning.no er enkel fakturering for enkeltpersonføretak, små AS, lag og foreiningar. Kunden blir henta frå Brønnøysundregistera, og rekninga går ut med KID og PDF.

Be om å bli med i betaen Gå til sendrekning.no

Rekning på to minutt

  1. Opprett organisasjonen. Skriv organisasjonsnummeret, så blir namn og adresse henta frå Einingsregisteret.
  2. Lag rekninga. Vel kunde, legg inn linjer med rett MVA-sats og sjå summane medan du skriv.
  3. Send. Kunden får e-post med PDF og lenkje til nettversjonen, og du ser kva som er uteståande.

For lag og foreiningar

Gjentakande rekningar for kontingent og leige, import av medlemslister frå CSV og fleire organisasjonar på same brukar. Rekningsnummera er fortløpande utan hol, og ei sendt rekning blir aldri endra, berre kreditert.

Gratis medan tenesta er i beta

sendrekning.no er i lukka beta og kostar ingenting å bruke. Før noko kostar pengar, får du vite prisen i god tid.

Be om å bli med i betaen